Tuesday, March 13, 2007

Politi og røver........ TATT!!!!

Ååååå.....eg blei tatt av svigersøs Jenny, å viste ikkje at eg var med på leiken.... men sann vå det på barneskulen også....so fortida har innhenta meg!!

Reglane i blogge politi og røvar er fylgjande:
# Når du blir tatt, må du avsløre 6 ting ved deg sjølv som kanskje ikkje alle veit frå før..
#Så utnemner du 6 nye bloggarar som blir utsette for den same påkjenninga...ikkk...

6 ting om meg som du kanskje ikkje veit..... :

# Vell, monge veit nok at eg er ein ulykkesfugl... ein av grunnane kan vere den gongen ein kis skulle lære mej å slå skikkeleg hardt. Eg fekk lov å slå han so hardt eg kunne under foten, og skadefro som eg er kunne eg ikkje la den sjansen gå frå meg.... vell, hadde håpa han skulle få litt låkt....men det var eg som braut eit bein i handa...

#Ved ei anna episode skulle eg gøyme meg bak ei dør for å skreme ei venninde.....men "like barn leikar best"... venninda mi hadde den same sleske planen som meg...so ved eit uhell slengte ho opp døra samtidig som eg hoppa fram....og kven gjekk det utover?... eg slo ut framtanna mi..

#Ved eit tredje tilfelle skulle eg vere handball-keeper, og eg ville helst vere ein flink ein som ikkje slepp inn mål....so då en stor gut kom springande mot meg, og eg viste han var flink til å kaste, var min plan å springe han ned.....vell, eg overvurderte kanskje min størelse og styrke. So i det eg hadde god fart og han tok han ein flygar, kresja vi....og kven gjekk det ut over?...vell, eg gjekk på bakhaudet i gulvet og pådrog meg ein comotio cerebri som det heiter på fint...hjernerystelse.... trur faktisk at den harde murveggen av ein mann fekk mål også ... trur vi går over på kjekkare ting..

# Eg har tatt imot en baby på Cuba....det blei ei jente!!!

# Eg har vore med å bygge sjukehus i Gambia, god følelse..

# Er det verdt å nemne at eg hadde påtteklipp med ein tynne hale i nakken, og store rosa briller når ej var 10 år?..... neppe....

So...... mine 6 nye utvalgte røvarar er (hehe....) :

Malin
Nina Beate
Sandra
Marianne
Gunvor
May-Britt

2 comments:

Jenny said...

hehe... morsomt å lese! :)

Anonymous said...

Jeg kan bekrefte at Ragnhild gjorde en strålende jobb med å bygge sykehus i Gambia!